VIKTIG INFO – BRASA ER STENGT

Restaurantbransjen har over tid vore inne i ein særs krevjande periode. Styret i Brasa Restaurant & Bar AS har på grunn av svake økonomiske resultat og snarleg insolvens beslutta å begjæra oppbud. Dei tilsette vart informert på eit personalmøte tidlegare i dag. BRASA er i dialog med kreditorar og forhandlar med håp om fortsatt drift, men akkurat no er situasjonen så kritisk at eit oppbud truleg vil vera gjennomført innan ei veke.

Me er veldig stolte over kva BRASA vart og kva ein slik restaurant har tilført Sogndalsfjøra. Kostnaden med å bli Sogndal sin beste restaurant vart diverre for høg og som eigarar har me difor måtte ta denne særs tunge avgjersla. Vårt ansvar og vår ambisjon om å gjera Sogndal hyggelegare står ved lag, og inn til vidare vil ikkje dette få nokon direkte konsekvens for våre andre serveringsstadar i bygdi.

Det blir arbeida mot å køyre ein siste opningsdag på BRASA laurdag 7. oktober. Meir informasjon kjem.

Spørsmål kan rettast til styreleiar Erlend Fardal Lunde på erlend@sognfnb.no

//Victor & Erlend